En grøsser fra virkeligheten: Avispapir

Siden det er jul og allslags, reposter vi følgende skremmende historie, nedtegnet av overtegnedes kjødelige onkel, en person som er ca. 5 år eldre enn oss. Og det omtalte “Gamlahuset” har vi selv rimelig langvarig kjennskap til. Så les videre…..dersom dere tør!

Har du nytta avispapir til kveiksle? Då veit du at papiret lyt strimlast på spesielt vis. Riv du det på tvers av tekstlinene vert det berre tull og småbitar. Men riv du på langs av linene får du lange, rette og fine strimlar. Hugsar du korleis lyden er? Finn deg ei avis og riv av ein strimmel. Rivelyden er ganske høg. Ikkje så lett å forveksla med andre lydar, heller.

Tenk deg no at det er natt. Nokre timar er gått sidan dagens og kveldens lydar slokna hen. Øyrene dine har kvilt. Skulle ei knappenål ramla ned på golvet, høyrer du det godt. Korleis hadde det då vore om nokon brått hadde rive av ein papirstrimmel frå avisa som ligg på nattbordet? Jau det skal eg seie deg: Det hadde læte ikkje så ulikt eit torebrak!

Me budde i ”Gamlahuset” på Skår (bygd i 1844); far, mor, bror min og eg. Alderen min må ha vore 10-12 år. Bror min er tri år eldre enn meg. Natta var spesiell på fleire vis. For ein ting var alle dørene i heile huset opne. Det var svært uvanleg. Eg kunne skjøna at alle dørene var opne av di alle lydar var så innmari nære, høge og klåre. Lytt var det i huset uansett, men denne natta – med alle dører opne – kunne ein høyra lydane særs klårt same kor dei kom frå i huset.

Men det var ikkje dei forsiktige og låge lydane som prega denne natta. Tvert om. Lydane var høge og dei kom frå – mellom anna – foreldra mine. Og bror min. Rett nok brukte far å snorka av og til. Mor og. Men til vanleg snorka dei ikkje så mykje. Kan ikkje minnast at bror min brukte å snorka noko meir enn han måtte. Men denne natta gjorde han det. Veit ikkje eingong om ”snorka” er det rette ordet. Det var så høgt og skræmeleg at det var nifst. Meir som eit grylande rovdyr. Far og mor? Akkurat det same med dei. Snorke-tiraden var så mektig og kolossal at det ikkje var løje eingong. Berre fælt. Kvifor vakna ingen av den gyselige sjauen? Tvert om tyktest alle ramla stendig djupare ned i uvit dess høgare dei snorka.

Men det var noko anna som var fælare. Bror min og eg hadde kvart vårt soverom på loftet. Mellom romma var det ein gang. I denne loftsgangen var det lagra allslags skrot frå alle tider. For ungar var det ein interessant stad. Mange gøymeplassar. Mykje å undersøka. Men mørkt og litt nifst – sjølv om dagen. Nattestider var det veldig nifst.

Likevel er ”nifst” berre forbokstaven til det som gjekk føre seg denne natta. Eg var så redd at eg endå i dag undrar meg over at eg kom frå det med livet. Noko heldt på ute i loftsgangen. Har du alt gissa på kva det var? Heilt rett: Nokon eller noko reiv strimlar frå aviser! Den krispe, klåre og høge ”r-ratsje”-lyden heldt det jamt gåande heile den tida eg har noko minne om frå denne natta. Alt medan dei hine snorka og bura og bar seg heilt utan teikn til å ville vakna. Det var litt av ein alur. Ein sinnssjuk kakofoni utan like. Kan tru kva eg låg og tenkte! Kva er det? Kva tid kjem det inn på rommet mitt for å…? Torde ikkje røra meg, sjølvsagt. Torde knapt pusta eingong, sjøl om eg måtte. Har antakeleg uvita til slutt.

Morgonen etter? Var loftsgangen kanskje smekkfull av papirstrimlar til opp under taket? Eg kika etter så nøye som eg berre torde. Sjølsagt var det ikkje noko. Mor, far og bror min læst som ingenting. Det hadde visst vore ei vanleg natt – for dei.

Om eg har fortalt dette til nokon før? Nei, er du galen!

4
 
 
 
 
avatar

About Dag Eigil

Kjekk og grei herremann i sin beste middelalder. En tvers igjennom snill og hyggelig fyr som ofte klapper så vel katten som fruen kjærlig på pelsen. En person med moral og personlig integritet på høyde med det beste i utlandet. Hyggelig, omgjengelig og lett å holde ren. Humorist, blogger og hobbyskribent. En venn av ordet i beste forstand
Uncategorized , , , , , , , , ,

10 comments


  1. Skummelt, ja.
    Og her i huset skal aldri den lange, nifse gangtrappa vaskes natt til lille julaften i 12- 1 tida om natta. Ekkelt. Kjempeekkelt. Og jeg er ikke lettskremt.





  2. avatar eMTe

    Både ser og høyrer det medan eg les, skikkeleg uhyggelig.Grøss og gru.

    God romjul.
    Marieklem





  3. Skummel historie. Det skjer mye rart i gamle hus gitt 😉





    • Absolutt skummelt, ja. Skrekkinngytende. Og vi ser både situasjonen, rommet, og ikke minst gangen utenfor levende for oss. Har lekt der, og vært redd, mange ganger… :-)





  4. avatar torillus

    Ei drivande godt fortald skrømtsoge (spøkelseshistorie), her kan ein lett setje seg inn i vesleguten si redsle og høyre riving i avispapir for sitt indre øyre! Eg vil tru at grunna redsla vart alle lydar forsterka og knytta til kjende dagtidlydar. Somme snorkelydar høyrest faktisk ut som papirriving!





    • Fantastisk godt fortalt, kan ikke si annet. Vår onkel behersker i sannhet kunsten å skildre noe, få fram en stemning. Vi har vært og lekt ikke på det rommet mange ganger, både der og i gangen utenfor. Og vi ser det hele særdeles klart for oss. Og nesten hører det. Tror ikke at han lyver…. :-)





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *