Rimgrims saga

Rimgrim heitte ein mann. Han var son av Langball Tviskalke på Ofsegarden nedanfor Beinbrekkarnutane, og han var eit skræmeleg syn. Så stygg var han, at folk døydde berre dei såg han bakfrå, og såg dei han forfrå, døydde både dei som såg han og halve slekta deira, sjølv om dei var langt borti Hafnafjordur. Foreldra var dei einaste som tålte å sjå Rimgrim, men sjølv dei fekk alvorlege kvelningsanfall då dei kom inn i fjøset og fekk sjå Rimgrim med halve hesten i kjeften. Og foreldra lurte på korleis han skulle finna seg eit passande kvinnfolk å gifte seg med. Men så ein dag…. (Dikt – eller sag videre.  Kanskje det blir noen gode innspill?) :-)

1
 
 
 
 
avatar

About Dag Eigil

Kjekk og grei herremann i sin beste middelalder. En tvers igjennom snill og hyggelig fyr som ofte klapper så vel katten som fruen kjærlig på pelsen. En person med moral og personlig integritet på høyde med det beste i utlandet. Hyggelig, omgjengelig og lett å holde ren. Humorist, blogger og hobbyskribent. En venn av ordet i beste forstand
Uncategorized , ,

13 comments


  1. kom eit druseleg kvinnfolk til gards. Ho nennte ikkje Rimgrim, men spurde om det var nokre av dei som ville vera med om å hente bjønn til dugurds……..

    Ha en fin dag





  2. … men nett da hadde Rimgrim vakna frå ein draum der han hadde slukt eit stykkje brød med fleskepølse på, og han tykte ille om draumen sin. “Du talar om bjønn, men ikkje om lønn” sa Rimgrim og sette det ofselege trynet sitt beint imot ho, medan han slapp eit stønn av ein fis.





  3. …kjerringa vendte seg mot han og såg han rakt inn i auga. Berre kom og vis kva du er god for, så får me sjå om du gjer deg fortent til noko løn, sa ho og dytta han bryskt føre seg ut døra….





  4. Rimgrim hufsa broka på plass, snøyt seg og tok tak i kjerringa. “Kva sa du? Ikkje god nok til løn?” Korleis han vrengde på orda, sat det att ein tagg … ikkje god nok til løn! ……. Kjerringa lest ikke høyre, men skuva på og brått var dei på stigen som gjekk til ………………





  5. … asylet der dei hadde freista å leggja han inn sist haust. “Galen og grimm er ikkje same sak” sa Rimgrim den gongen, og dei lot han gå. Men no ville dei lure han, det skjøna han straks og treiv ut en ofseleg ein …





  6. Kjerringa tok to steg attende, haldt seg for nasen og sporde om han hadde ete ein hest. Då log Rimgrim, tok tak i kjerringa og såg ho rakt inn i augo og sporde: “Jaggu har eg. Tek du meg attende til galehuset? Kva har eg gjort deg? Vel er eg grim, men du er galen, mykje vær’ enn meg!” Ha sette ho på ei grein høgt i nemste furua og ………….





  7. …. i same augneblinken kom ei svær kråke og nappa ho med seg for å nytta ho til å tetta reiret sitt med men ho var for tung og kråka glapp taket rett over utedassen der Krutfrid sat og tynte seg som ho hadde gjort heile den dagen.





  8. Kjerringa druste beint gjennom taket og ned på Krutfrid så takstein og fjøler spratt. Båe fór radt ned i holet og ut i elva som rann under doen. Det let stygt då dei kauka og kava med armar og bein der den regnfulle elva drog dei nedetter dalen. Rimgrim hadde høyrt levenet og kom stampande ut på tunet….





    • Diverre såg ikkje Rimgrim hannkatterekelet, som lydde namnet Ormbølet. I eit av stega, snåva han over katteryggjen så lang han var. Ormebølet var ein hemnlysten skapning, besatt av den onde sjøl, og treiv tak i taska til Rimgrim som hong og slong mellom låret og den tova kortbroken.

      Soga seiar at Rimgrim skreik så fælt, at kvar ei skrokkje i anletet forsvann…





  9. Og foreldra kjende ikkje att Rimgrim og sporde kven han var. Då vart Rimgrim ovleg ………….





  10. avatar torillus54

    ….. sorgfull og stunde fram: “Eg er Rimgrim, einaste son dykkar! Køyr meg til sjukestova så eg kan berge helsa! Og noko som kallast kvinnfolk vil eg ikkje sjå meir i heile mitt liv!” Mora slo forkleet for andletet og fall i uvit av sorg og fælske. Men faren drog fram høyvogna og køyrde av stad med Rimgrim så fort den gamle merra kunne tråve. I svalgangen utanfor sjukestova stod ei ung, ferm sjukesyster, så fager at ingen hadde sett hennar like i sju prestegjeld. Då ho såg kor ille medfaren Rimgrim var, rann dei vene blå augo hennar fulle av tårer. “Vi skal nok få deg god att,” sa ho med ei røyst så mjuk som nykoka prim. Ho tok Rimgrim så varleg i handa …………..





  11. …. men det skull ho aldri ha gjort, for Rimgrim vart so tend at han skrævspratla ho så ho strauk med, og så åt han ho opp etterpå, med skaut og mus og det heile. “Du lyt ikkje gjera så” sa faren hans, “du veit du alltid får så fælsleg renneskit av lammekjøt !”.
    “Det er ikkje min feil” sa Rimgrim, han huska vel den gongen han berre var ein liten skrukkete stryt og ….





Leave a Reply